Kokk 100% fast stilling  Bilde

Kokk 100% fast stilling

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Fjaler Fulltid
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Logo

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Hauglandsvegen 308
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Driftsleiar Elin Håland
57 73 71 77

Søknadsfrist

25. september 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Er du opptatt av matfaget, engasjert og kvalitetsbevisst, då er kanskje denne stillinga noko for deg!

Vi søker etter kokk med fagbrev, som er initiativrik og vil vere ein pådrivar i utviklinga av kjøkkenet på senteret.

På Haugland er vi stolte over kjøkkenet vårt og dei tilsette som arbeider der. Det er eit kjøkken som held høgt nivå og tilsette som legg stor vekt på å servere god, velsmakande og variert mat.

Vi produserer mat for ca. 80 personar kvar dag. Maten vår vert for det meste laga frå botnen av og vi serverer buffet både ved varme og kalde måltid. Senteret har mange ulike pasientgrupper som har behov for næringsrikt kosthald, og vi følger Helsedirektoratet sine anbefalingar for kosthald. Ein del pasientar har og behov for spesialtilpassa mat.

Kvalifikasjoner:

  • Du må ha fagbrev som kokk
  • Kjennskap til IK-Mat og HACCP
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskaper:

  • Evner å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
  • Ha interesse for mat, og ta initiativ til å bidra i utviklingsarbeid
  • Liker utfordringar og kan takle hektiske arbeidsdagar
  • Trivast saman med både pasientar og kollegaer og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Det kan bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonellova § 20a.

Vi tilbyr:

  • Gode lønns – og arbeidsvilkår
  • Gode velferdsordningar
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Senteret er stengt jul/nyttår
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Kulturbilde