UWC Røde Kors Nordisk Hovedbilde

Stilling som kokk - 100 % fast stilling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kokk - 100 % fast stilling UWC Røde Kors Nordisk Fjaler Fulltid
UWC Røde Kors Nordisk Logo

UWC Røde Kors Nordisk

Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Norge
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ainor Naustdal
917 09 715

Søknadsfrist

16. februar 2025 Søk på stillinga her

Vi har ledig fast stilling som kokk for turnusarbeid i ein internasjonal og mangfaldig organisasjon.

Vi søkjer deg som er nøyaktig, flittig og oppteken av å ha det kjekt på arbeid saman med gode kollegaer og som ynskjer å gjere ein forskjel. Vi har som mål at matopplevinga hos oss skal vere sunn, fristande, reflektere skulen sitt ideal om bærekraft og gje elevar og gjestar gode matopplevingar.

Per i dag er det ti tilsette som arbeider i heil- eller deltidsstillingar ved kjøkkenet. Tre av desse er kokkestillingar, som alle er faste og 100 %.

Vi har no behov for å tilsette enno ein flink person for å erstatte ein av våre faste tilsette.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Kokkane våre er teamleiarar, og har ansvar for drift av kjøkkenet på sine skift.
  • Kokkane inngår i ein turnusplan med arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar så vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.

Arbeidsoppgåver

  • Internkontroll (IK mat)
  • God varehandtering
  • Produksjon av varmmat, kaldmat og salatbar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring frå liknande stillingar
  • Kunnskap og interesse for internasjonal mat og vegetarmat
  • Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
  • Vi brukar norsk som arbeidsspråk på kjøkkenet

Personlege eigenskapar

  • Interesse for mat
  • Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
  • Ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i Team
  • Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon

Kva kan vi tilby?

  • Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
  • Løn etter KS tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
  • Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen

Dersom dette er arbeidsoppgåver og ei stilling som kan passe for deg, ber vi om at du sender ein enkel søknad og CV til appointments@uwcrcn.no.

Søknadsfrist er 16.02.2025, med tilsetjing snarast. (Søknadsprosessen kan verte framskunda og skje tidlegare når vi har fått kvalifiserte søkjarar. Vi oppmodar difor om å ta snarleg kontakt dersom du er interessert i stillinga.)

For spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med OSM (Operational Service Manager) Ainor Naustdal på tlf. 917 09 715, eller ainor.naustdal@uwcrcn.no

Ein må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.