Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Jordmor på God start i Lærdal | Helse Førde | Lærdal | Deltid |
KK God start Lærdal sjukehus søkjer jordmor i 80% fast stilling.
Er du engasjert i svangerskap, kvinnehelse og barsel? Ønskjer du å være ein del av eit nytenkjande, heilskapleg jordmorteam? Då er dette stillinga for deg!
Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for kvinnehelse og ein trygg og god oppfølging gjennom svangerskap, fødsel og barsel. Vi tilbyr eit allsidig og spennende arbeidsmiljø der du kan gjere ein viktig forskjell for kvinnehelse. Avdeling med høg kompetanse søker etter ein ny medarbidar som vil bidra inn i God Start. Dette er ei spennande stilling og du får vere med å utforme arbeidsdagen din.
Om God Start-eininga
God start er ein del av Kvinneklinikken i Helse Førde med heilskapleg tilnærming til kvinnehelse gjennom heile livsfasen. Vi jobbar tett saman for å sikre god kvalitet av helsetenesta for mødre, den nyfødte og den nye familien. God Start LSH tilbyr barselomsorg, følgeteneste for gravide samt poliklinikk for gravide/barseltid og barn. Avdelinga samarbeider tett med helseforetaket og kommunar for vidareutvikling av høg kvalitet av tjenester vi tilbyr.
Arbeidsstaden er i Lærdal med eit triveleg arbeidsmiljø med høg forankring i fagleg innhald og nytenking.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingeborg Einemo Frøysland, Seksjonsleiar God Start Barsel LSH, (+47) 57 64 02 00