Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Hyllestad kommune | Hyllestad | Fulltid |
Vi har ledig 100% fast stilling som ingeniør i Hyllestad kommune, avdeling Samfunnsutvikling og teknisk drift, frå slutten av september.
Vi søker deg som vil, torer og kan nytte kommunen sitt handlingsrom for å skape gode resultat, og bidra til vidare samfunnsutvikling i ein framtidsretta kommune. Du vil arbeide på avdeling Samfunnsutvikling og teknisk drift saman med 3 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre.
Avdelinga har ansvar for byggesak, arealplanar, kart- og oppmåling, eigedomsskatt og kommunale gebyr. I tillegg ligg drift og vedlikehald og reinhaldstenestene under avdelinga.
Hyllestad kommune nyttar ACOS WebSak (sakshandsamingssystem) , GISLINE (kartprogram) og KOMTEK (kommunale gebyr). Naudsynt opplæring vil bli gjeve.
Vi søkjer deg som er strukturert, likar å finne løysningar og som samarbeider godt med andre. Du må vere serviceinnstilt, omgjengeleg og trivast i dialog med folk. Du bør vere effektiv og ha fokus på å halde tidsfristar og levere eit godt fagleg innhald. Du må kunne tileigne deg kunnskap og jobbe sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarliste vert offentleggjort.
VELKOMEN SOM SØKJAR!