Hywer AS  Hovedbilde

Vil du vere med og byggje fornybar energi saman med ein framoverlent og erfaren organisasjon?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ingeniør maskinteknikk og konstruksjon Hywer AS Fjaler Fulltid
Hywer AS  Logo

Hywer AS

Dalstunet 15
6963 Dale i Sunnfjord
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjarte Grytli Seim
45 40 17 18

Søknadsfrist

1. mars 2026 Søk på stillinga her

Hywer opplever auka oppdragsmengde og søkjer ein engasjert og teknisk interessert maskiningeniør til vår prosjekteringsavdeling.

Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi leverer komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging og prosjektering for ulike kundar. Som ingeniør hos oss blir du del av eit fagleg sterkt og erfarent team som utviklar løysingar og konstruksjonar for eit breitt spekter av prosjekt.

Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk – både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for både komplette vasskraftanlegg og komponentleveransar, stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.

Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull arbeidskvardag – saman med gode kollegaer.

Vi ser etter deg som ønskjer å utvikle både deg sjølv og kraftbransjen, som er teknisk nysgjerrig og trivst i tverrfaglege team.

Arbeidsoppgåver

  • Konstruksjon og berekning av mekaniske vassvegskomponentar
  • Prosjektering og tekniske løysingar for vasskraftsystem
  • FE-analysar og 3D-modellering
  • Prosjekteringsleiing

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør eller sivilingeniør innan mekaniske fag
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne og interesse for å setje seg inn i komplekse tekniske problemstillingar
  • Strukturert og sjølvstendig, samstundes som du trivst i team
  • Proaktiv, initiativrik og løysingsorientert
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning og gode moglegheiter til å påverke eigen arbeidshverdag
  • Ei unik moglegheit til å bidra i vidareutviklinga av ein organisasjon i vekst

Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord 

Hywer AS  Kulturbilde