Hyllestad kommune Hovedbilde

Ingeniør - byggesak og miljø

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid
Hyllestad kommune Logo

Hyllestad kommune

Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kommunalsjef Gaute Lundeland
577 89 529/97 54 7795

Søknadsfrist

30. november 2025 Søk på stillinga her

Vi søkjer etter ingeniør - byggesak og miljø, fast 100 % stilling

Er du klar for å starte karrieren din – eller ta neste steg – i ein framtidsretta kommune med stort fagleg handlingsrom?

I Hyllestad kommune ser vi etter deg som vil, torer og kan bruke kompetansen din til å skape gode resultat og bidra til vidare samfunnsutvikling.

Nyutdanna? Vi ønskjer deg spesielt velkommen til å søkje! Du får god opplæring, fagleg rettleiing og eit støttande miljø med kollegaer som gjerne deler erfaring og kunnskap.

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Samt at vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og rimelege barnehage. I tillegg har vi ein forholdsvis ny, flott hall der det skjer mange kjekke aktivitetar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Daglege arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Handsame bygge- og delesøknadar etter plan- og bygningslova
  • Handsame utsleppssøknadar etter forureiningslova og forureiningsforskrifta
  • Arbeide med matrikkelføring og GIS
  • Rettleie søkjarar og innbyggjarar
  • Få ansvar for varierte og spennande oppgåver innan plan og utvikling

Lista er ikkje uttømmande, andre oppgåver kan kome i tillegg, samt endre seg etter behov.

Vi tilbyr:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og kompetent fagmiljø
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle deg fagleg
  • Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uavhengig av bakgrunn, alder eller erfaring.

Kvalifikasjonskrav til stilling

Utdanning innan jus, bygg, ingeniørfag, plan, arkitektur, miljø eller liknande. Du bør vere strukturert, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner. Vi har nynorsk som målform og du bør ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter. Førarkort klasse B er også naudsynt.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte kommunalsjef Samfunnsutvikling og teknisk drift, Gaute Lundeland på telefon 577 89 529/975 47 795, eller personalrådgjevar Unni Systaddal, telefon 577 89 511.

Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

Hyllestad kommune Kulturbilde