Årdal kommune Hovedbilde

Idrettskonsulent

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Årdal kommune Årdal Fulltid
Årdal kommune Logo

Årdal kommune

Statsråd Evensens veg 4, 6885 Årdalstangen, Norge
6885 Årdalstangen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Odd Einar Fimreite
90518131

Søknadsfrist

21. april 2023

Årdal kommune har oppretta ei ny og spennande 100% prosjektstilling som idrettskonsulent over 3 år.

Stillinga er organisert under tenesteområde oppvekst og kultur.

Arbeidet er knytt til Årdal kommune sin plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Me søkjer etter ein person som brenn for desse fagområda og som samtidig har erfaring innan organisasjons- og prosjektarbeid.

Arbeidsoppgaver:

  • Utvikle samarbeid med tredjesektor
  • Sakshandsaming og forvaltning av spelemiddelordninga og andre tilskot
  • Fremje folkehelse
  • Fast kontaktperson i Årdal idrettsråd
  • Utvikle, planlegge og gjennomføre kommunale prosjekt knytt til idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
  • Andre relevante oppgåver kan bli aktuelt i løpet av prosjektperioden

Personlege eigenskapar:

  • Vere fleksibel, sosial og nytenkande
  • Vere engasjert, løysingsorientert og initiativrik
  • Ha gode samarbeidsevner og like å jobbe sjølvstendig
  • Ha god serviceinnstilling og gode kommunikasjonsevner
  • Ha godt humør og ha høge krav til kvalitet i eige arbeid
  • Ha førarkort

Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning på bachelornivå innan eitt eller fleire av fagområda folkehelse/friluftsliv/idrett/idrettsleiing. Kjennskap til og erfaring frå kommunal forvaltning og sakshandsaming vert vektlagt. Anna relevant utdanning kan bli vurdert. Søkjar må ha førarkort for bil.

Me tilbyr:

  • Ein spennande og utfordrande stilling i eit aktivt miljø med mange utfordringar og utviklingsorientert tilnærming
  • Trivelige og dyktige kollegaer
  • Fleksitid
  • Løn etter hovudtariffavtalen