
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Økonomisjef | Hywer AS | Fjaler | Fulltid |

Hywer opplever auka oppdragsmengd og søkjer ein engasjert, strukturert, fagleg sterk og tydeleg leiar til vår økonomifunksjon.
Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi levera komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging og prosjektering for ulike kundar.
Vi ser etter deg som skjønar at økonomi grip inn i alle delar av verksemda og er nært knytt til kompetansen den enkelte arbeidstakar har og korleis denne kan omsetjast til vekst, kundar, interessante oppgåver og overskot.
Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk – både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for komplette vasskraftanlegg og komponentleveringar har vi stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.
Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull kvardag – saman med gode kollegaer.
Vi ser etter deg som ynskjer å utvikle deg sjølv og kraftbransjen, har pågangsmot og trivast i tverrfaglege team.
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord
Søknad sendast til: post@hywer.no
