Kommunikasjonsrådgjevar Bilde

Kommunikasjonsrådgjevar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sunnfjord, Sogndal, Bergen, Stord Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hege Olsen
+47 55 58 75 54

Søknadsfrist

15. februar 2026 Søk på stillinga her

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon har ledig ei 100% fast stilling som kommunikasjonrådgjevar.

Ei spennande stilling for deg som likar å jobbe med eit spekter av varierte kommunikasjonsoppgåver i ein stor organisasjon.

Vi ser etter deg som brenn for og motiverast av god kommunikasjon. Du finn stor inspirasjon i samfunnsoppdraget vårt og trivst godt i ein hektisk kvardag der du vekslar mellom operative og strategiske oppgåver. Du er opptatt av fagleg kvalitet og arbeider systematisk og grundig, og er flink til å skape godt og nyttig innhald til alle våre publiseringsflater. Du har sterk digital kompetanse, er språksikker og har god forståing for våre målgrupper.

Arbeidsstaden er ved ein av dei fem campusane ved HVL.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, produsere, vedlikehalde og publisere godt innhald på alle digitale flater
  • Bidra med god kommunikasjonsrådgiving i ein stor organisasjon i utvikling
  • Delta i andre oppgåver i avdelinga etter interesse og kompetanse

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule på minimum bachelorgradsnivå
  • Arbeidserfaring innan kommunikasjon
  • God kunnskap om publiseringsverktøy for web, redigering av bilete etc.
  • God evne til å sette seg inn i nye digitale verktøy
  • Gode språkferdigheiter, særskilt nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ivrig etter å lære og utvikle kompetansen
  • Positiv og serviceinnstilt
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Motivert og initiativrik
  • Evne til å prioritere i periodar med arbeidspress

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent/ 1434 -rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde