Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sunnfjord Miljøverk | Sunnfjord | Fulltid |
Folka våre er det viktigaste!
Er du den som vil hjelpa oss å rekruttere dei beste hovuda og hendene for å kunne etterleve dei nye krava som blir stilt til bransjen? Det går føre seg store endringar innanfor gjenvinning- og avfallsbransjen, og då er det viktig med dei rette folka på rett stad. Vi er på leit etter deg som kan tiltrekke, rekruttere, behalde og utvikla våre medarbeidarar. Søk på jobb hos oss og du vil få spele ei sentral rolle i det grøne skiftet og overgangen til sirkulær økonomi.
Endringane i bransjen føre til stor etterspørsel etter kompetanse på fleire utdanningsnivå, så du vil få ansvar for rekruttering innan varierte fagområde. Ei sentral oppgåve vil være å følgje opp arbeidet bransjen sjølv har satt i gong for å heve kompetansen og rekruttere fleire tilsette.
Som HR-rådgjevar vil du støtte og hjelpa leiarar innan HR-relatert arbeid, som personalsaker, onboarding/offboarding, oppfølging av sjukefråvær, tariffavtale og rekruttering. Ein viktig del av jobben vil være implementering og oppfølging av strategimål knytt til arbeidsmiljø, kompetanseheving og rekruttering. Du vil også få ansvar for å etablere ein rekrutteringsstrategi, lage handlingsplanar og følgje opp denne. Dette er ei nyoppretta stilling og vi vil kunne tilpasse arbeidsoppgåvene etter dine erfaringar, ønskjer og kompetanse.
Vi søkjer ein HR-rådgjevar som har interesse for bransjen og overgangen til det grøne skiftet, og som vil være med på å gjere ein forskjell.