Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
HR-rådgivar | Norec | Sunnfjord | Fulltid |
I seksjon for verksemdstyring leverer vi støttefunksjonar av høg kvalitet til resten av Norec og har god kompetanse på økonomi, rekneskap, arkiv, IKT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye verktøy for å effektivisere og digitalisere, og ser alltid etter moglegheiter for å forbetre tenestene vi har ansvar for.
Som HR-rådgivar i Norec vil du vere ein viktig støttespelar for leiarar og tilsette. Du arbeider både strategisk og praktisk med utvikling av organisasjonen og med oppgåver innan HR. Arbeidet ditt vil spenne frå daglege rutinar til langsiktige prosessar som medarbeidarundersøkingar og partssamarbeid.
Du samarbeider tett med seniorkonsulenten vår på HR og leverer tenester til heile organisasjonen. Difor er det viktig at du er hjelpsam, strukturert og løysingsorientert- og har ei fleksibel tilnærming til å jobbe i ein organisasjon i stadig utvikling.
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?
Ta gjerne kontakt med programrådgivar Julia Mørk på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Har du spørsmål til sjølve stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør. Kontaktinformasjon finn du nedst i annonsa.
Vi ser etter deg som trivst med ein variert arbeidskvardag, og som liker å jobbe i tett kontakt med kollegaer og leiarar. Du må kunne arbeide sjølvstendig, prioritere godt og vere strukturert. Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg. Det er viktig at du forstår korleis ein mangfaldig organisasjon fungerer. I Norec er personleg integritet og respekt for andre viktig.»
Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ som rådgviar (kode 1434) med lønn kroner 550.000 til kroner 670.000 eller som seniorrådgivar (kode 1364) med lønn frå kroner 615.000 til kroner 740.000. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medabeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.