HR- og personalleiar Bilde

Er du den engasjerte og strukturerte HR- og personalleiaren vi ser etter?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
HR- og personalleiar Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Fjaler Fulltid
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Logo

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Hauglandsvegen 308
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Inger Johanne Osland
414 48 295

Søknadsfrist

15. juli 2026 Søk på stillinga her

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er det største rehabiliteringssenteret i Vestland og ligg idyllisk til mellom fjord og vakre fjell. Vi har eit breitt samansett fagmiljø, som saman dannar ein god og positiv kvardag for både pasientar og tilsette.

Vil du vere med på å løfte oss vidare? Personalleiaren vår går av med pensjon ved nyttår, derfor søkjer vi no ein erstattar for han. Vi ønskjer oss ein engasjert og strukturert HR- og personalleiar, som vil få ei sentral rolle innan HR, lønn og HMS. Hos oss får du jobbe med både menneske, system og utvikling, og du blir ein del av leiargruppa ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for HR- og personalområdet
  • Lønnskøyring, inkludert rapportering og oppfølging
  • Rådgjeving til leiarar i oppfølging av personalsaker og sjukefråvær
  • Sikre etterleving av regelverk og vidareutvikle HMS-arbeidet
  • Bidra til gode HR-prosessar og organisasjonsutvikling

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan HR, leiing, organisasjon, økonomi eller tilsvarande
  • Erfaring frå HR- og personalarbeid og arbeidsrettsleg kompetanse
  • Erfaring med lønnskøyring er ønskeleg
  • God systemforståing og erfaring med HR- og lønnssystem er ønskeleg
  • Erfaring med systematisk HMS-arbeid og erfaring med risikovurdering og internkontroll, vil vere ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og nøyaktig
  • Evne til å arbeide både strategisk og operativt
  • Gode samarbeidsevner og relasjonsbyggande ferdigheiter

Vi tilbyr

  • Ei variert og sjølvstendig rolle
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Moglegheit til å påverke og utvikle organisasjonen
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Gode velferdsordningar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Kulturbilde