Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Høgskulelektor i matematikk/fysikk

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sunnfjord Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eli Nummedal
48218755

Søknadsfrist

14. januar 2024 Søk på stillinga her

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.

HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL sin visjon er "Kunnskap som byggjer menneske og samfunn". Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i våre verdiar - inkludere, utfordre og samhandle - som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.

Med verknad frå 1. januar 2024 blir det etablert eit nytt fakultet ved HVL, som er resultat av ei samanslåing av dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

Fakultetet vil romme eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar.

Fakultet vil ha fem institutt med om lag 500 tilsette og 5700 studentar. Fakultetet vert leia av dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har også aktivitet ved campus Stord.

Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag har om lag 950 studentar og 140 tilsette i Bergen, Førde og Haugesund. Instituttet har ansvar for bachelorutdanningar i informasjonsteknologi og ingeniørutdanningar i automatisering med robotikk, datateknologi, elkraftteknikk, elektronikk og kommunikasjonsteknologi, i tillegg til undervisning i matematikk, fysikk og statistikk på ingeniørutdanningane ved fakultetet, samt forkurs til ingeniørutdanningane. Instituttet har også to masterprogram, eitt i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap og eitt i programvareutvikling saman med Universitetet i Bergen. I tillegg har instituttet ansvaret for doktorgradsprogram i datateknologi.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i matematikk/fysikk ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, campus Førde

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling i 100% som høgskulelektor i matematikk/fysikk ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, campus Førde.

IDER har ansvar for eigne bachelorutdanningar innan elektro-, data- og informasjonsteknologi. Hausten 2023 starta instituttet opp ein ny tverrfagleg mastergrad i anvendt datateknologi med studentar i Førde og Bergen. I tillegg har instituttet ansvar for ei mastergrad i programvareutvikling i Bergen. Instituttet har dei seinaste åra satsa på utdanning og forsking innan robotikk i Førde med omsyn til fagmiljø og utstyr. Satsinga har i stor grad vakse ut frå Teknoløft Sogn og Fjordane, ( https://www.hvl.no/teknoloft ). Nyleg vart senteret HVL Robotics Lab oppretta ved campus Førde for vidareføring og styrking av forskinga.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga er i hovudsak undervisning i fysikk og matematikk på forkurs- og bachelornivå for ingeniørutdanningane.

Det er og moglegheiter for å undervise og rettleie studentar på masternivå samt delta i forsking- og utviklingsprosjekt.

Kvaliteten på undervisninga i grunnemna er svært viktig. Den som søkjer må gjere greie for korleis hen vil drive undervisning og fagutvikling innanfor realfaga.

Fagutviklinga skjer i nært samspel med dei ulike fagmiljøa ved ingeniørutdanningane i Førde, Bergen og Haugesund. Vi ønskjer at du skal vere med å styrke samarbeidsmiljøet ved engasjement i gruppemøte, og ved å bidra til ei positiv sosial atmosfære.

Arbeidsstad er campus Førde.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129 )

Formell utdanning og kompetanse:

  • minimum mastergrad i fysikk eller matematikk
  • undervisningskompetanse i begge fagområda
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*

Vi søkjer kandidatar som viser stort engasjement for undervisning og samarbeid, og ønskjer å vere med å bygge fellesskap og bidra til eit spennande og attraktivt arbeidsmiljø.

Undervisningsspråket ved HVL er i hovudsak norsk og det er difor ein føresetnad at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Det vert også krevd gode engelskkunnskapar.

Ved rangering av søkjarar vert det i tillegg lagt vekt på:

  • gode formidlingsevner og undervisningserfaring både i fysikk og matematikk
  • høg arbeidskapasitet, nysgjerrigheit og motivasjon for å utvikle ny kunnskap saman med andre
  • interesse for og kompetanse i digitale læringsmetodar
  • formell kompetanse i pedagogikk
  • grunnleggjande kunnskap i programmering

*Utdanningsfagleg kompetanse:

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV via https://www.jobbnorge.no/jobseeker/#/application/apply/255208 .

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (Master) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Eli Nummedal, e-post eli.nummedal@hvl.no - tlf 48 21 87 55

2) Instituttleiar Kristin Fanebust Hetland, tlf 55 58 76 36 - e-post kristin.fanebust.hetland@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde