Hms-koordinator Bilde

Er du den som får tryggleik, struktur og folk til å spele på lag?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hms-koordinator Nordic Mining Sunnfjord Fulltid
Nordic Mining Logo

Nordic Mining

Fjordavegen 2044
6817 Naustdal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Karoline Høyvik
47 15 76 71

Søknadsfrist

14. desember 2025 Søk på stillinga her

I Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er vi no på jakt etter ein HMS-ressurs som både har oversikt, gjennomføringsevne og eit hjarte for mennesker og tryggleik. I denne rolla blir du ein nøkkelperson i å sikre at alle tilsette har eit trygt og godt arbeidsmiljø som samsvarar med gjeldande lover, forskrifter og standardar, og som gir rom for trivsel, tryggleik og utvikling. Som HMS-koordinator blir du bindeleddet mellom praksis og prosedyrar, og ein viktig støttespelar for både leiarar og operatørar i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Godkjenne og kontrollere arbeidstillatingar og SJA-ar
  • Utføre regelmessige HMS-inspeksjonar og vernerunder
  • Identifisere, rapportere og følge opp avvik, tiltak og forbetringsområde
  • Følge opp underleverandørar sitt HMS-arbeid
  • Halde opplæring for tilsette i HMS, relevante regelverk og interne prosedyrer
  • Vere fagleg støtte for leiarar og bidra til god beslutningsstøtte
  • Rapportere HMS-status, hendingar og avvik til leiinga
  • Jobbe aktivt for å styrke, vidareutvikle og forankre HMS-kulturen vår i heile organisasjonen

Du er ein person som er trygg i faget, tydeleg i kommunikasjonen og flink til å bygge tillit. Du evnar å vere både rådgjevar og pådrivar – og du trives like godt med støv på verneskoane som med tal i rapporten. Engasjementet ditt for sikkerheit og arbeidsmiljø smittar over på andre, og du klarer å gjere HMS til noko alle vil vere med på, ikkje berre noko ein må.

Vi tilbyr

  • Ein sentral rolle i ei verksemd i sterk utvikling
  • Høve til å påverke og forme eit framtidsretta HMS-arbeid
  • Godt fagmiljø, dedikerte kollegaer og høg gjennomføringstakt
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Kollegaer som tek både arbeidsmoral og godt humør på alvor

Vi vurderer søknadar og kallar inn til intervju fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Endeleg søknadsfrist er 14.12.2025.

Nordic Mining Kulturbilde