Breim heimeteneste har ledige helgestillingar med arbeid annankvar/tredje kvar helg. Ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer, og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar, men også andre med erfaring/interesse for arbeidsfeltet kan søkje.
- Du må ha førarkort for personbil og snakke godt norsk
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
- Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.