Har du hjarte for museum og teft for vertskapsrolla? Bilde

Museumsvert

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Har du hjarte for museum og teft for vertskapsrolla? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Marie Nicolaisen
90 61 94 74.

Søknadsfrist

20. april 2023 Søk på stillinga her

I avdeling kulturhistorie har vi ledig stilling som museumsvert med hovudarbeidsstad på Sunnfjord Museum i Movika. Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for museum og kulturhistorie, og som evnar å spegle dette i ei vertskapsrolle. Museumsverten er vårt ansikt utad, og skal yte sørvis og gje god informasjon til dei ulike publikumsgruppene og besøkande på museet.

Som museumsvert vil du ha ansvar og oppgåver knytt til:

  • førstelinjetenester (resepsjon, telefon, e-post, SoMe)
  • booking og utleige
  • museumsbutikk og kiosk / enkel servering
  • marknadsføring og informasjon til publikum
  • rapportering sal, fakturering, månadsoppgjer og besøksstatistikk
  • planlegging, praktisk førebuing og gjennomføring interne og eksterne arrangement
  • opplæring sommarvertar
  • enkle formidlingsoppgåver
  • støtte til museumsleiar og museumspedagog

Du vil arbeide med både teoretiske, utøvande, praktiske og administrative oppgåver.

Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør kulturhistorie, medan det daglege arbeidet på museet blir koordinert av museumsleiar. I tillegg til å vere del av det stadlege teamet på Sunnfjord Museum, vil du også bidra til å løyse oppgåver i avdelinga, i samarbeid med andre museumsvertar på musea våre, og på andre formidlingsarenaer.

Arbeidet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Stillinga har noko reiseverksemd i samband med deltaking på interne arrangement.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde