Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Har du hjarte for museum og teft for vertskapsrolla? | Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Fulltid |
Vi har ledig stilling som museumsvert ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for museum og kunst, og som evnar å spegle dette i ei vertskapsrolle. Museumsverten er vårt ansikt utad, og skal yte sørvis og gje god informasjon til dei ulike publikumsgruppene og besøkande på museet.
Som museumsvert vil du ha ansvar og oppgåver knytt til:
Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør kunst, medan det daglege arbeidet på museet blir koordinert av museumsleiar. I tillegg til å vere del av det stadlege teamet på Sogn og Fjordane Kunstmuseum, vil du også bidra til å løyse andre oppgåver i kunstavdelinga, i samarbeid med tilsette på andre stadar.
Arbeidet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Stillinga har noko reiseverksemd i samband med deltaking på interne arrangement.