Museumspedagog Bilde

Har du hjarte for Astrup og Jølster?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Museumspedagog Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tor Martin Leknes
466 93 897

Søknadsfrist

9. juni 2024 Søk på stillinga her

Med oss fer du rikare!

Folka våre brenn for kunst og kunsthistorie, der formidling og menneskemøte er ein viktig del av kvardagen. Vi søker deg som vil vere med på å forme formidlingstilbodet til ein av regionen sine mest kjende kunstnarheimar.

Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.

Blant musea våre finn du Astruptunet, ein kunstnarheim med hage og galleri, som fortel historia om heimstaden til Engel og Nikolai Astrup. Her stiller vi ut måleri, trykkplater, tresnitt og bunadsforkle. Heim og hage etter kunstnaren er nyleg restaurert. Her formidlar vi kunnskap om korleis Nikolai Astrup bygde opp denne staden, og kvifor den var sentral i biletkunsten han skapte. Vi fortel også om Engel Astrup og hennar kunstnarkarriere, som er ein vesentleg del av historia i Astruptunet. Astruptunet ligg på sørsida av Jølstravatnet, i Sunnfjord kommune.

På andre sida av Jølstravatnet finn du Eikaasgalleriet, eit museum som formidlar den nyskapande modernisten Ludvig Eikaas, så vel som andre kunstnarar. Samlinga til Eikaasgalleriet inneheld over 850 verk av Eikaas, som i etterkrigstida vart ein av våre mest markante biletkunstnarar.

Flust av opplevingar å bli rikare av - både for besøkande og for våre tilsette.

Nettopp her i Jølster, treng vi ein ny museumspedagog som kan vere med på å formidle historia om Astruptunet og Eikaasgalleriet til publikum i alle aldrar.

Er det deg vi leitar etter?

Som museumspedagog på Astruptunet og Eikaasgalleriet vil du blant anna ha ansvar og oppgåver knytt til:

  • pedagogiske formidlingsopplegg for born og unge i skule og barnehage
  • formidlingsopplegg og omvisingar for andre målgrupper
  • arrangement, verkstader og aktivitetar
  • utstillingar og formidlingsløyper
  • formidling på digitale flater

Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning innan kunsthistorie, eller andre relevante fag minimum på bachelor-nivå
  • erfaring i formidlarrolla, særleg i møte med born og unge
  • erfaring med pedagogisk tilrettelegging
  • erfaring med og interesse for formidling på digitale flater
  • praktiske ferdigheiter og kunnskapar knytt til kunst og handverk
  • førarkort kl. B

Arbeidet som museumspedagog er variert med omsyn til både arbeidsoppgåver og intensitet, og krev dessutan høg grad av sjølvstende. Du vil møte mange ulike typar menneske i alle aldrar, og du vil tidvis også arbeide på kveld og i helg. Dei som trivst best med ein slik arbeidskvardag, vil meistre stillinga best.

Astruptunet og Eikaasgalleriet betyr mykje for mange interessentar i både inn- og utland, og har gode og etablerte samarbeid med både eigar Sunnfjord kommune, og fleire andre organisasjonar.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde