Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Førstekonsulent/seniorkonsulent | Høgskulen på Vestlandet | Fulltid |
HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt studenttilbod innanfor innovasjon og entreprenørskap som strekkjer seg utover det som skjer i fag og emne, og er eit tilbod for alle studieretninger og på alle campus.
HVL Skape ligg til Avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring i HVL. Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnliv, styrke HVL sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som kunnskaps- og kompetanseaktør.
I samarbeid med Sogn Næring søkjer vi ein førstekonsulent/seniorkonsulent som skal bidra i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, bidra til kulturbygging og mobilisering for entreprenørskap blant ungdom, og knytte saman arbeid med innovasjon og entreprenørskap i HVL og Sogn Næring med resten av utviklingskapasiteten i Sogn.
Stillinga skal ha eit særleg fokus på aktivitetar knytt til HVL campus Sogndal/Fosshaugane campus, men vil inngå i HVL Skape-teamet som vil få ressursar på alle fem campus i HVL (Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord). Stillinga skal og delta på aktivitar og interne prosessar hos Sogn Næring. Dette arbeidet er særleg knytt til gründarar, men utviklingsarbeid er og aktuelt.
Stilling ligg til Høgskulen på Vestlandet, men delfinansierast 50 prosent av Sogn Næring. Ein viktig funksjon i stillinga er å smelte miljøa saman, og stillinga vil få kontorplass både ved HVL og hos Sogn Næring.
Stillinga rapporterer til avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring, HVL, som og har personalansvar.
Aktivitet knytt til Sogn Næring rapporterast til dagleg leiar i Sogn Næring.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.
Utdanning og kompetanse:
Ønska kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein kandidat som er sjølvstendig, kreativ og initiativrik. Ein bør like- og evne å kome i kontakt med folk, vere løysingssorientert, og kunne bidra til å skape engasjement.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på Jobbnorge.no (ID 258150).
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av evt. justeringar i HVL si interne organisering.
Verdiane våre er initiativ, handlekraft og samspel. Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap. Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.
Vi tilbyr: