Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førstekonsulent i Servicetorget

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Espen Fosse
52 70 26 16

Søknadsfrist

28. januar 2024 Søk på stillinga her

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og førstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig eit vikariat i 100% stilling som førstekonsulent i Servicetorget, campus Sogndal.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig eit vikariat i 100% stilling som førstekonsulent i Servicetorget ved campus Sogndal i tida frå februar 2024 til 30.08.2024. Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har omtrent 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si fyrstelinje.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Handsame førespurnader til førstelinja på telefon og e-post
  • Publikumsmottak
  • Studieadministrative oppgåver
  • Andre påkommande arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
  • God serviceinnstilling og flink til å samarbeide
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • God forståing for IKT-verktøy

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein kollega som er positiv, imøtekomande og har eit engasjement for å yte god service. Som tilsett i Servicetorget må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjestar, studentar og tilsette. Du har erfaring i bruk av relevante IT-system og evne til å sette deg inn i nye administrative saksbehandlingssystem og -rutinar. Du må vere ansvarsfull og påliteleg og ha gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan kome til bruk i handsaminga av søknadene.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar Espen Fosse
Tlf.: 52 70 26 16
E-post: espen.fosse@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde