
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Høgskulen på Vestlandet | Sogndal, Bergen | Fulltid |

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i inntil 50% som førsteamanuensis/førstelektor i fysisk aktiv læring ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag og er knytt til faggruppa Utdanningsleiing. Faggruppa er organisert på tvers av studiestadane. Fagmiljøet har brei kompetanse m.a. innanfor fysisk aktiv læring, pedagogisk rettleiing, leiing og profesjonsutvikling. Fagmiljøet dekker eit bredt spekter av etter- og vidareutdanningar og mastertilbod i tillegg til å bidra i barnehagelærarutdanninga og dei femårige grunnskulelærarutdanningane.
Stillinga er ledig i tida 01.08.2026 - 31.07.2027 og vert plassert ved campus Sogndal eller Bergen.
Det må påreknast reising i stillinga.
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Kriteria for tilsetting i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .
Formelle kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Språkkrav:
Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre godt norsk og kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Vi ber søkjarar som ønskjer lågare stillingsstorleik enn 50% om å oppgi i søknaden kva som er ønskjeleg.
Send søknad og CV via jobbnorge.no
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Søknaden skal innehalde:
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.
