Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førsteamanuensis/førstelektor i engelsk

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tom Rune Kongelf
57 67 63 37 / 990 17 802

Søknadsfrist

15. mars 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 3-årig mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor i engelsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking med arbeidsstad campus Sogndal. Oppstart i stillinga er 01.08.2022 eller etter nærare avtale og varer fram til 31.07.2025.

Arbeidsoppgåver

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, årsstudium og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Desentralisert undervisning på nett høyrer óg med til arbeidsoppgåvene. Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna; fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagenMellombels tilsette med førstestillingskompetanse og som er tilsett i fleirårige vikariat kan søkje om FoU-tid.

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha doktorgrad i engelsk språk, engelskspråkleg litteratur/kultur eller engesk fagdidaktikk. Søkjaren må ha dokumentert praktisk-pedagogisk kompetanse i form av gjennomføring av eige program (minimum 200 timar), eller relevante kurs og eiga praktisk undervisning. Søkjaren må ha opparbeidd grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. Søkjaren må ha dokumentert praktisk-pedagogisk kompetanse i form av gjennomføring av eige program (minimum 200 timar), eller relevante kurs og eiga praktisk undervisning. Søkjaren må ha opparbeidd grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.

Den som blir tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i utdanningane instituttet tilbyr, òg på nett. Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner både innan institusjonen og med eksterne samarbeidspartnarar, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. God formidlingsevne og høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Undervisningsspråket er engelsk, og det blir kravd høg kompetanse i munnleg og skriftleg engelsk. Arbeids- og administrasjonsspråket ved HVL er norsk, og søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Fordjuping i engelsk språk
  • Brei undervisningserfaring frå grunnskulen, inkludert begynnaropplæring, og kjennskap til det norske skulesystemetUndervisningserfaring, inkludert digital undervisning, frå lærarutdanning/høgare utdanning
  • Erfaring med utvikling av varierte og studentaktive læringsformer
  • Erfaring med pedagogisk bruk av IKT

Det blir lagt vekt på relevant pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå undervisningsarbeid i grunnskule og lærarutdanning/høgare utdanning.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju med prøveundervisning.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis/1198 - Førstelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål


For førsteamanuensis: Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse som kan dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

2) Fagkoordinator Monica Tove Vattedal, tlf.: 57 67 61 45, e-post: monica.tove.vattedal@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les meir på vår heimesider.
* Se video: Samspel, berekraft og nyskaping | Høgskulen på Vestlandet - YouTube

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde