Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk/ spesialpedagogikk

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

10. mai 2023 Søk på stillinga her

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane er 100% og inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Sogndal.

Dei er ledig i tida 01.08.2023 - 31.07.2024.

Stillingane er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet i Sogndal har saman med fagmiljøet i Bergen og på Stord brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil først og fremst vere knytt til 5-årig masterutdanning for grunnskulelærarar og etter- og vidareutdanning
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Søkjarane må primært ha doktorgrad/førstelektorkompetanse i pedagogikk eller spesialpedagogikk. Sekundært kan det bli vurdert å tilsetje søkjarar med annan førstekompetanse dersom den er klart relevant for eit eller fleire av følgjande område:

  • Profesjonskompetanse i lærarprofesjonane
  • Allmennpedagogiske perspektiv i utdanning og yrke
  • Skulen som organisasjon
  • Psykososialt læringsmiljø i skulen
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse i eit utdanningsperspektiv
  • Demokrati og medborgarskap i skulen
  • Rettleiing og vurdering

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, er det aktuelt å tilsette høgskulelektor. Kompetansekravet vil då vera mastergrad i pedagogikk, spesialpedagogikk eller tilsvarande med godt resultat (normalt A eller B).

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare utdanning, evt. barnehage
  • Kompetanse innan rettleiingspedagogikk og/eller pedagogisk utviklingsarbeid
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med digitale og interaktive undervisningsformer
  • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL.

For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Merete Aronsen, tlf.: 55 58 79 40, e-post: merete.aronsen@hvl.no

2) Fagkoordinator pedagogikk GLU Karin Elisabeth Sørlie Street, tlf.: 57 67 61 58, e-post: karin.street@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde