Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Mellombels stilling i 100% ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i idrettsvitskap Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Assisterande instituttleiar, Ane Solbraa
57 67 60 81 / 909 53 275

Søknadsfrist

28. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Sogndal, med oppstart 01.08.2022 og varar framt il 31.07.2023.

Arbeidsoppgåver

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Oppgåvene vil primært vere knytt til vår bachelorutdanning i idrett, trening og helse med eit spesielt fokus på studieretning trening, fysisk aktivitet og helse, men det kan og vere nokre oppgåver knytt til studieretning idrett og trenarrolla. Det kan ligge oppgåver knytt til fagleg studiekoordinering og emneansvar til stillinga.
  • Det kan vere aktuelt med frikjøp til ekstern finansierte forskingsprosjekt avhengig av kompetanse
  • Bidra i etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd
  • Institusjonsbyggjande arbeid, irekna; fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad i idrettsvitskap eller anna relevant fagområde.
For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis. Søkjaren må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha avlagt mastergrad/hovudfag med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.
Den som blir tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i utdanningane instituttet tilbyr, óg på nett. Vi søkjer særleg teoretisk og praktisk undervisningskompetanse som er utviklande og støttande i arbeid med studentar si læring innanfor områda trening og aktivitetslære, fysiologi og treningslære, helsepedagogikk, helsepsykologi, coaching, helsefremming og førebygging og aktivitetsmedisin.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner både innan institusjonen og med eksterne samarbeidspartnarar, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. God formidlingsevne og høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Om deg

Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltetErfaring frå treningssenter, frisklivssentral, rehabiliterings- og opptreningssenter, idretten eller liknandeRelevant kompetanse innan ulike praktiske aktivitetar/idrettarPedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanningInternasjonal erfaringAktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde