Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Forretningsutvikler | Næringshagen i Ullensvang AS | Ullensvang | Fulltid |
Næringshagen i Ullensvang AS (NIU) er i ein utviklingsprosess, og er på jakt etter deg med relevant utdanning og erfaring frå næringslivet.
Som forretningsutviklar i ein næringshage er du tett på lokale verksemder som rådgjevar. I tillegg vil du delta i ein rekkje samfunnsnyttige prosjekt. Dette er ein stilling for deg som vil ha en meiningsfull kvardag og bidra til veksten i næringslivet i Hardanger.
Næringshagen tilbyr Næringshageprogrammet i kommunen, du kan lese meir om programmet på Siva sine nettsider: https://siva.no/virkemidler/naeringshageprogrammet/
Arbeidsoppgåvene vert å rådgje verksemder i regionen for å bidra til vekst, styre eksterne og interne prosjekt, samt vere ein pådrivar for å etablere nye verdiskapande verksemder. Organisasjonen er ein pådrivar for auka samarbeid, og tek ein aktiv rolle i samfunnsutvikling lokalt og regionalt. I tillegg til forretningsutvikling er det prosjekt innan desentralisert utdanning, rekruttering og kompetanseheving i dag, men det kan koma ytterlegare arbeidsoppgåver f.eks. delprosjekt frå Grøn Region Vestland.
Det er ein fordel om du i tillegg har kjennskap til utfordringar i næringslivet og potensiale i regionen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Christel Kvamme tlf: 45 47 90 95 eller christel@nhullensvang.no.
CV og søknad kan sendes til post@nhullensvang.no
Næringshagen skal vere ei drivkraft for nyskaping og vekst i regionen, vi engasjerer oss for at du skal lukkast. Organisasjonen driv med nærings- og samfunnsutvikling i Ullensvang og Hardanger.