| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Gloppen kommune | Gloppen | Fulltid |

Gloppen kommune søkjer etter ferievikarar i dei kommunale barnehagane sommaren 2023. Det er behov for vikarar som kan jobbe veke 27, 28 og 32. Enkelte av barnehagane kan ha behov for hjelp utover desse datoane.
Skriv i søknaden kva barnehage du ønskjer å arbeide i (i prioritert rekkefølgje), og kva dato du kan ta til i jobben.
Det er positivt om du har jobba med barn eller i barnehage tidlegare. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du som vaksen inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.
Webc-ID: 460937972