Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Årdal kommune | Årdal | Sommerjobb |
Me har behov for ferievikar på Årdal legekontor sommaren 2024
Me treng ferievikar i tidsrommet frå 24.06.2024 til 16.08.2024. Det er arbeid på dagtid og søkar må vera over 18 år.
Me ønsker ein person med medisinsk fagleg bakgrunn og/eller har starta utdanning innan helsefagarbeidar/sjukepleiar som er kunnskapsrik, ønsker å lære nytt, og er imøtekommande. Du vil vere eit bindeledd mellom pasient og anna helsepersonell.
I arbeidskvardagen snakkar me med mange pasientar kvar dag som me prøver å hjelpa på beste måte. Hjå oss vil du møta trivelege kollegaer som vil ta godt vare på deg og vil gje deg god opplæring.
Me gledar oss til du kjem!
Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter HTA (Hovudtariffavtalen) og vert vurdert utifrå utdanning og praksis.
Årdal kommune sin lokale lønspolitikk legg føringar for at høgskulestudentar som tek til i arbeid som er relevant i høve utdanninga dei tek, vert løna som fagarbeidarar.