Hyllestad kommune Hovedbilde

Ønsker du deg ein ny kvardag som fastlege?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fastlege i Hyllestad kommune Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Her får du kort pasientliste, arbeid innanfor normal arbeidstid og val mellom fastløn eller privat praksis.

Er du vår nye fastlege? Hyllestad kommune søkjer deg som vil jobbe som fastlege enten fulltid, eller i kombinasjon som stipendiat i eit ph.d.-program knytt til Universitetet i Bergen. Stillinga er ledig frå 1. januar 2024.

Kvifor søke hos oss?

  • Gratis pasientlister.
  • Ingen oppstartskostnad om du vel driftsavtale.
  • Per i dag er det 504 pasientar på lista, listetaket er 1350.
  • Fastløn eller privat praksis etter eige ønskje.
  • Arbeidstida og oppgåver er innretta slik at arbeidet kan utførast innanfor normal arbeidstid.
  • Gode rammer for å gjennomføre ALIS med rettleiing.
  • Moglegheit til å ta ph.d.-utdanning i kombinasjon som fastlege (50%/50%).

I tillegg tilbyr vi god pensjonsordning i KLP om du ønsker fastløn, gode arbeidsforhold i trivelege og velutstyrte lokale og kompetente kollegaer med ulik fagkompetanse og erfaring.

Klar til å søke? Gå rett til søknadsskjema her.

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad er ei kystkommune i Vestland som er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte naturen og livet. Forholda ligg perfekt til rette for både fjellturar, fiske og båtliv, kajakkpadling på fjorden og oppleving av kulturhistorie. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert. I Hyllestad finn du ledige, tilrettelagde tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både vaksne og born og rimeleg barnehageplass.

Her er nokre sitat frå folk som lever i Hyllestad:
«Det beste med Hyllestad er naturen og ikkje minst at folk faktisk helsar på kvarandre her». – Julie og Anders

«Dei som bur her er flinke til å skape ting saman, både på jobb og fritid. Det meste ein kan gjere i ein by kan ein gjere her og. Dessutan er Hyllestad sentralt plassert mellom Bergen og Førde. Dersom ein vil ha seg ein bytur, er vegen kort». – Liv Hilde

Les meir om livet som Hyllestading her.
Les meir om ulike aktivitetar i Hyllestad her

Slik vil du jobbe

  • Fastlegeoppgåver og kommunale oppgåver ved helsestasjon og institusjon.
  • Delta i interkommunal legevakt som 1. eller 2. vakt – ca tre vakter per månad.
  • Dersom ALIS: Delta i rettleiing.

Legekontoret vårt er samlokalisert med helsestasjon, jordmorteneste og teneste for psykiatri og rus, og er relativt godt utstyrt med mellom anna eit godt laboratorium, Pasientsky som journalsystem og eigna fasilitetar for utgreiing og behandling. Her vil du jobbe saman med ein annan fastlege, helsesekretær og sjukepleiar. I tillegg har vi tilsett fysioterapeut og vi samarbeider med to andre fysioterapeutar gjennom driftsavtale. Vi har også samarbeid med barnelege frå Helse Førde.

Hyllestad kommune deltek i Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid som du også vil vere ein del av. Legevakta er fysisk lokalisert i Førde, vis a vis Førde sentralsjukehus, og inkluderer KAD-senger, overgrepsmottak og legevaktsentral.

Om ph.d.-programmet

Ønsker du å bygge vidare på kompetansen din og bidra til forsking samtidig som du jobbar som fastlege? Hos oss kan du kombinere fastlegestillinga med ph.d.-utdanning hos UiB/IGS. Tilknyting til fagområde for allmennmedisin ved IGS er særleg relevant, og tema for forskinga kan for eksempel vere berekraft i helsetilboda, spørsmål knytt til medikalisering, migrasjonshelse, sosial ulikheit i helse, sjukefråvær eller helseutfordringar i distriktskommunar for å nemne nokre. Her er det rom for å definere eigne prosjekt.

Utover samarbeidet med UiB når det gjeld ph.d. -program, arbeidar kommunen også med å utvikle eit framtidsretta desentralisert studiesenter. Les om «Studiesenter Kysten» her.

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon.
  • Vi søker lege til spesialisering og/eller spesialist i allmennmedisin.
  • Gjennomført LIS 1.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • God kjennskap til norsk lov og regelverk.
  • Kandidatar som har gjennomført forskarlinje under medisinutdanninga kan bygge vidare på arbeidet i eit eventuelt ph.d.-program.

Andre opplysningar

  • Lege utan spesialisering må vere villig til å starte spesialisering innan to år.
  • Kombinasjon spesialist/ALIS og ph.d. forskarprogram startar hausten 2024.
  • Ph.d. prosjekt må godkjennast ved UiB/IGS og det skal søkast eksterne midlar i samarbeid med IGS.
  • Søkjarar med utdanning frå andre land må ha gjennomført turnusteneste og ha refusjonsrett hos Helfo, samt norsk autorisasjon som lege.
  • Personlege eigenskapar, erfaringar og kommunikasjonsferdigheiter vil bli vektlagt ved tilsetting.
  • Tilfredsstillande helse- og politiattest må visast fram før tiltreding i stillinga.
  • Førarkort for personbil.

Vi ser fram til din søknad!

Dette er stillinga for deg som vil skape deg ein god og balansert kvardag som fastlege, i eit mindre men godt samanknytt lokalsamfunn omringa av flotte naturopplevingar. Dersom du i tillegg har ønske om å utvikle deg fagleg og drive med forsking, ligg alle forhold til rette for det her hos oss.

Velkomen som søkjar!

Relevante lenker:

https://www.uib.no/igs
https://aksello.no/allereie-55-millionar-til-studiesenter-kysten/
https://legevaktsysikl.no/legevakt/
https://www.alis.no/om-alis-kontorene/alis-vest
https://www.universitetsforlaget.no/hverdagspediatri-1

Hyllestad kommune Kulturbilde