Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Fast stilling med vekt på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Professor i leiing Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Instituttleiar Tone Merete Brekke
909 97 353

Søknadsfrist

2. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, har ledig ei fast stilling som professor i leiing med vekt på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter
Stillinga som professor i leiing med vekt på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter er knytt til Institutt for økonomi og administrasjon ved Campus Sogndal (IØA-Sogndal)
Vi ønskjer å rekruttere ein professor som har ambisjon, interesse og evne til å arbeide med vidareutvikling av den faglege profilen ved IØA-Sogndal og som kan bidra til utvikling av tverrfaglege prosjekt og publisering i eit fagmiljø som består av marknadsføring, strategi, organisasjon, bedriftsøkonomi og samfunnsøkonomi. Vår nye professor skal bidra til at vi i enno større grad bidreg til regional utvikling gjennom å forske på og bidra til kunnskapsutvikling i regionen.

Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg det forsking, undervisning og rettleiing av studentar ved dei økonomisk-administrative utdanningane ved instituttet. Undervisning ved andre utdanningar vil også kunne inngå. Til stillinga vil det også liggja oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Undervisning og rettleiing knytt til doktorgradsprogrammet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINREG) ved fakultetet kan også inngå i stillinga. Søkjaren skal skissere aktuelle forskingsinteresser i søknaden.

I høve til forsking vil følgjande oppgåver ligge til stillinga:

  • Deltaking og utvikling av tverrfagleg FoU ved instituttet.
  • Utvikling av forsking som er relevant for næringslivet i regionen og har relevans til emna ved instituttet
  • Utvikle prosjektsøknader for ekstern finansiering samt forsking og utviklingsaktivitetar i samarbeid med eksterne forskingsinstitusjonar og næringsliv

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

  • For tilsetting i stilling som professor er det krav om professorkompetanse på fagområdet med dokumentert vitskapeleg kompetanse i samsvar med etablerte internasjonale og nasjonale standardar for professorat
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • For stilling som professor skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk er nødvendig
  • Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år


Professorstillinga krev samarbeid med andre forskarar ved instituttet og ved samarbeidande miljø. Kompetanse i forhold til samarbeid og kommunikasjon med personar frå andre fagområdet blir vektlagt. Det vil vidare bli lagt vekt på erfaring med å initiere og gjennomføre forskingsprosjekt.
Følgjande kvalifikasjonar og aktivitetar dei seinare åra vil bli vurdert:

  • Forskingsresultat og publikasjonar innan området leiing av små- og mellomstore bedrifter
  • Erfaring med å skaffe ekstern finansiering, utvikla søknader for ekstern finansiering og leia eksternt finansierte prosjekt
  • Kompetanse til og erfaring med å undervise og rettleie bachelor, master og PhD studentar
  • Nasjonalt og internasjonalt kontaktnettverk


I vurderinga av kvalifiserte søkjarar blir det lagt vekt på formell kompetanse, dokumentert forskings- og formidlingsinnsats innan relevante fagområde og utdanningsfagleg kompetanse. Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Om deg

  • God samarbeidsevne og vilje til å arbeide tverrfagleg
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • God formidlings- og kommunikasjonsevne
  • Evne til å undervise og rettleie bachelor, master og PhD studentar
  • Fleksibel, løysingsorientert og nytenkande

Vi tilbyr

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - Professor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde