Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Fast 100% stilling som tiltaksarbeidar i Aurland og Lærdal barnevern | Aurland kommune | Aurland | Fulltid |
Vi har ledig fast 100 % stilling som tiltaksarbeidar i Aurland og Lærdal barnevern. Barnevernet er organisert i eit samarbeid mellom Aurland kommune og Lærdal kommune, med Aurland som vertskommune og oppmøtestad i rådhuset på Aurlandsvangen. Dei tilsette jobbar begge stadar, i tillegg til oppsøkande verksemd. I tillegg til tenesteleiar er det fire tilsette ved eininga. Aurland kommune er i omstilling. Det er eit mål at organisasjonen skal bli meir fleksibel for blant anna løyse rekrutteringsutfordringar og møte krava i den nye oppvekstreforma. Det vil difor vere nødvendig at tiltaksarbeidaren jobbar på tvers i oppvekstsektoren, sjølv om stillinga er formelt plassert under barnevern. Kommunen har eit tverrfagleg innsatsteam mellom tenestene innan oppvekst, helse og barnevern.
- Metodisk rettleiing til familiar
- bistå familien slik at dei skal klare seg sjølvstendig
- hjelpe til med å få i gang støtteordningar for familien
- vere ein los og støttespelar i kontakt med andre instansar
- samtale og rettleiing kring familien sine utfordringar
- vurdere og samarbeide om tilrettelegging og endring av tiltak.
- delta i vaktordning
- Bachelor som barnevernspedagog, sosionom, eller anna relevant høgare utdanning. Eventuelt mastergrad innanbarnevern/sosialfag som stettar nye kompetansekrav
-kompetanse innan metodiske foreldrerettleiing er ynskjeleg: kurs/sertifisering i metodar/verktøy som COSP, PMTO,ICDP, DUÅ eller barnesamtalen.
-vere villig til å ta naudsynt etter-/vidareutdanning innan metodisk rettleiing.
-personlege kvalifikasjonar vert særleg vektlagd
-førarkort klasse B
I tillegg vil fyljande verte vektlagt:
- at du kan utføre arbeidsoppgåver med respekt for barn og deira familiar
- at du kan jobbe målretta, ha god struktur og gjennomføringsevne
- at du tar ansvar for dine arbeidsoppgåver og eigen kompetanseutvikling
- at du deltek aktivt for å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø.
- at du har god arbeidskapasitet og god oversikt i eigne arbeidsoppgåver
- at du har evne til å begeistre og dele kunnskap.
Det er ynskjeleg at du;
- er trygg personleg og fagleg
- har god relasjonskompetanse
- har evne til å arbeide i motstand, stå i og løyse konfliktar
- har god rolleforståing
- interessert i andre menneske og god til å spele andre betre
- kreativ, tør å tenke nytt når utfordringane er kompliserte
- klar over eigne styrker og svakheiter, og er i stand til å arbeide med deg sjølv for heile tida å utvikle deg
- god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg.
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- bli ein del av ei teneste med mange og spennande arbeidsoppgåver der vi er opptekne av å utvikle oss fagleg
- sjølvstendig fleksibelt arbeid
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- systematisk rettleiing og oppfylging som nytilsett
- gode lokale og høve til å bruke tenestebil
- fagleg engasjerte kollegaer
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad. Det er per i dag ledige, nye og fine, kommunale bustadar
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner
Sjå brosjyra vår her: Aurland Kommune (visbrosjyre.no)