Fast 100% stilling som lærar, for tida Davik oppvekst

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

Ved Davik oppvekst avdeling Kolset barnehage er der ledig ei 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.24.

Davik oppvekst er eit oppvekstsenter med barne- og ungdomsskule. Driftseininga har 2 barnehagar - ei avdeling på Davik, og ei avdeling på Kolset for born i alderen 1 – 6 år. Personalet kan bli brukt fleksibelt mellom dei to avdelingane.

Barnehagen er i stadig utvikling – men ser det som viktig å halde på den gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi arbeider målretta i høve språk. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Beste praksis. I fellesskap har vi fokus på å skape eit trygt og godt barnehagemiljø og arbeidar systematisk med å heve kompetansen på dette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartar

  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette

  • I samarbeid med fagleiar ha eit ansvar for oppfølging og leiing av fag, enkeltbarn, barnegrupper og foreldresamarbeid

  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester

  • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon

  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Gode norsk-kunnskapar

  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse

  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling

  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter

  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine

  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivest i ein aktiv kvardag

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje

  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring

  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling

  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

  • Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!