Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Fagleiar bygg og oppmåling | Hyllestad kommune | Fulltid |
Er du vår nye fagleiar innan byggesak og oppmåling? Hyllestad kommune søkjer deg som er interessert i ei slik stilling, fast 100 %, ledig frå 1.1.2024.
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestad info
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
utdanna landmålar, byggingeniør eller kanskje geolog, andre relevante høgskuleutdanningar kan òg vere aktuelle, samt at lang relevant praksis kan kompensere for utdanningskravet. Det som er viktig er å ha forståing for oppgåvene som skal løysast til beste for innbyggjarane og kommunen. Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, det krevst litt struktur, orden og kvalitet for å løyse oppgåvene best mogleg. Ein fordel om du har autorisasjon som landmålar, men vi kan òg tilrettelegge for slik autorisasjon om den ikkje er på plass.
Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.
Fleire opplysningar om stillinga kan du få av kommunalsjef Gaute Lundeland, telefon 577 89 529.
Arealplenleggar/ingeniør Idar Førde Blom, kommunalsjef Gaute Lundeland og prosjektleiar Rolf Hatlem ønskjer deg velkomen på laget!
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg. Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningssalen i idrettshallen vår.
Vi får stadig inn nye søknader til både deling og bygging, og vi treng vi berre di hjelp til å handtere dei!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!