Fagdirektør/seniorrådgivar  Bilde

Fagdirektør/seniorrådgivar for analyse og læring

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagdirektør/seniorrådgivar Norec Sunnfjord Fulltid

Om stillinga

Norec er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonal utveksling. Innsamling og analyse av data vil vere sentrale oppgåver for kompetansesenteret framover, i tillegg til forvalting og formidling av ny kunnskap, både internt og eksternt.

No ser vi etter ein dyktig fagdirektør eller seniorrådgivar for å vidareutvikle Norec som kompetansesenter. I samarbeid med analyserådgivarar vil du få eit særleg ansvar for å sette retning i arbeidet med analyse og læring. Du skal legge til rette for fagleg samarbeid og utvikling internt, og bidra til å gjere Norec sin kunnskap synleg og tilgjengeleg i relevante fagmiljø.

For å lykkast i rolla er det nødvendig at du har gode samarbeidsevner og at du trivst med kunnskapsformidling og utviklingsarbeid.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • ha fagleg og strategisk ansvar for analyse og læring, og for å utvikle Norec som kompetansesenter
  • leie arbeidet med datainnsamling og dokumentasjon av Norec sine prosjekt
  • initiere og planlegge eksterne analysar og rapportar
  • ha ansvar for at Norec er oppdatert på relevant forsking og for at kunnskapen blir nytta i internt utviklingsarbeid
  • gjere Norec sin kunnskap kjent i relevante fagmiljø, representere Norec i nettverksmøte og andre faglege arrangement

Kvalifikasjonar

  • Phd., master eller tilsvarande, fortrinnsvis innan samfunnsvitskaplege studiar
  • minimum fem år relevant erfaring med analyse og læring
  • kompetanse på kvantitative og/eller kvalitative forskingsmetodar, i tillegg til register- og surveydata
  • erfaring med leiing eller koordinering av faglege prosjekt- eller utviklingsarbeid
  • høg gjennomføringsevne
  • gode formidlingsevner og skriveferdigheiter

I Norec stiller vi krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi kan tilby deg

  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • ein arbeidsgivar som har fokus på utvikling og kompetanseheving gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse

Stillinga vert lønna etter avtale innanfor statens lønsregulativ som fagdirektør/kode 1538 frå kr. 661.000 - 790.000 eller seniorrådgivar/kode 1364 frå kr. 573.900 - 689.100. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Mangfald
Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke på stillinga. Dette gjeld uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore borte frå arbeidslivet i periodar.

Offentleggjering
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista. I så fall vil søkaren bli varsla om dette.

Ønsker du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med:

Morten Rørvik, avdelingsdirektør verksemdstyring. Telefon: 91 00 55 09. E-post: morten.rorvik@norec.no

Camilla Ericsson Valvik, seniorrådgivar HR. Telefon: 98 01 76 14. E-post: camilla.valvik@norec.no

Søknadsfrist: 25. september 2022
Arbeidsstad: Førde
Startdato: Etter avtale