Fagansvarleg etterleving  Bilde

Vil du jobbe med etterleving i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagansvarleg etterleving SpareBank 1 Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
SpareBank 1 Sogn og Fjordane Logo

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Harald Slettvoll
48119816

Søknadsfrist

22. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Avdeling for risikostyring og etterleving søker ny medarbeidar.


Avdelinga utgjer per i dag 7,5 årsverk som utfører ulike typar analyse-, kontroll- og utviklingsarbeid. Avdelinga ser også til at banken held seg innanfor eksternt lovverk, og at interne retningslinjer og strategiar blir følgde og vidareutvikla. Arbeidet krev god kjennskap til ulike sider ved bankdrifta, og evne til å setje seg inn i eit omfattande regelverk som stadig er i utvikling.


Dei tilsette ved avdelinga har ansvar for rapportering til leiing og styre i banken, og for kommunikasjon med styresmakter, bransjeorganisasjonar og ratingbyrå. I tillegg gir avdelinga råd og støtte til andre avdelingar i banken. Det er i dag to tilsette ved avdelinga som i hovudsak arbeider med etterlevingsarbeid, og i den utlyste stillinga vil ein arbeide tett med desse to.


Arbeidsoppgåver

  • avdekkje risiko for at banken ikkje oppfyller pliktene sine etter lov og forskrift.
  • vurdere behov for tiltak for å sikre etterleving, og sjå til at tiltak blir sette i verk om det trengst.
  • gje råd og rettleiing til leiing og tilsette om gjeldande plikter etter relevante lover og forskrifter, og sjå til at interne rutinar og retningslinjer blir følgde.
  • halde seg orientert om regelverk og regelverksendringar som regulerer drifta til banken.
  • gjennomføre 2.linjekontrollar for å teste etterlevinga av eksternt lovverk og internt regelverk.


Bakgrunn, kvalifikasjonar og eigenskapar

Erfaring frå bankarbeid og/eller god juridisk kunnskap er ein fordel. I tillegg ynskjer vi ein person med:

  • gode analytiske evner
  • høg arbeidskapasitet og fagleg integritet
  • evne til målretta og systematisk arbeid
  • gode evner til munnleg og skriftleg framstilling, og som er imøtekomande og serviceinnstilt


Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerder, og vi hjelper kvarandre med å lukkast.


Arbeidsstad: Førde


Om du har spørsmål til stillinga kan du kontakte leiar avdeling for risikostyring og etterleving, Harald Slettvoll, tlf. 48 11 98 16.


Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet, og har nær 50 % av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 millardar kroner, og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane Kulturbilde