UWC Røde Kors Nordisk Hovedbilde

Vi søkjer Event & Prosjektkoordinator i 100 % stilling.

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Event & Prosjektkoordinator UWC Røde Kors Nordisk Fjaler Fulltid
UWC Røde Kors Nordisk Logo

UWC Røde Kors Nordisk

Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Norge
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Leonora Kleiven
414 48 297

Søknadsfrist

8. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Skulen ligg idyllisk plassert i Flekkefjorden i Vestland fylke, og er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa. Tilsvarande dei andre UWC-skulane er UWC Røde Kors Nordisk sterkt knytta til UWC sin misjon, og har som mål å levere ei utfordrande og heilskapleg pedagogisk erfaring til eit mangfald av studentar, og vidare inspirere dei til å bidra til ei meir fredeleg og bærekraftig framtid.

Oppdraget til UWC er å gjere utdanning til ei kraft for å foreine menneske. United World Colleges er ein unik organisasjon. Det er den einaste globale utdannings-NGO (Non-Govermental Organization) som samlar studentar fra heile verda. Desse er valt av sine eigne land ut frå eigne evne og forteneste, og uavhengig av evne til å betale for seg. Skulen har omlag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWCConnect har ansvar for andre verksemdsaktivtetar som mellom anna leirskuleaktivitetar,
sommarleirar og ulike grupper som besøker og får oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar to bygg som UWC Connect AS leiger.

Vi har positiv erfaring med at mangfald er ein styrke og som gjer at vi kan løyse oppgåvene enno betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.

Event & Prosjekt koordinator jobber tverrfagleg, og er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av ulike events og prosjekt som skulen og UWC Connect gjennomfører i løpet av året både på og utanfor campus. Stillinga krev at du må vere komfortable i ei leiarrolle, like å ta ansvar og ha høg gjennomføringskraft. Event og Prosjektkoordinator vil vere plassert i avdelinga
som jobber med Eksterne Relasjoner og saman har vi det overordna ansvaret for skulen sitt ansvar kring eksterne relasjoner og kommunikasjon.
Vi har fleire spennande prosjekt som vi skal arbeide med framover.

Søkjaren sin profil

Ei stilling ved UWC Røde Kors Nordisk og UWC Connect er ein unik moglegheit i eit unikt miljø og på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane si velferd, utdanning og opplevingar, og der vi jobbar tett ilag. Det kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande. Vi har som mål å trekke til seg høgt kvalifiserte og erfarne tilsette, og for å lukkast i rolla er det viktige at du har gode haldningar og høg motivasjon, og at du er ein pådrivar for å endring av arbeidsprosessar i samarbeid med dine kollegaer.

Viktige kvalifikasjonar

  • Master- eller Bacheleorgrad i events management, økonomi, marknadsføring og/eller, prosjektleiing. Lang relevant erfaring kan kompensere for kortare utdanning
  • Kunnskap og erfaring innan prosjektstyring
  • Lederevne med kapasitet til å skape tillit og respekt hos kollegaer og eksterne partnarar
  • Svært glad i å jobbe med menneske og god på å sjå løysingar framfor problem
  • Kunne kommunisere godt på engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ei forståing for, og støtte til UWC sine verdiar og misjon.

Ansvar

Som Event & Projekt koordinator skal du rapportere direkte til External Relations leader og bidra til å oppfylle skulen og UWC Connect sine strategiske og økonomiske mål. Du vil arbeide tett med Dagleg Leiar UWC Connect og øvrige tilsette i både UWC RCN og UWC Connect.


Hovedoppgåver

  • Ansvar for skulen sine interne og eksterne event som involverer besøkjande, td Avgangsseremoni for elevar, besøk frå foredragsholdere, Reunion, deltaking på Bergen Internasjonale uke osv
  • Ansvar for skulen sine prosjektaktiviteter og søke å utvikle prosjektaktiviteter som støttar opp under skulen sin misjon
  • Økonomiansvar for events og prosjekt
  • Bistå i arbeidet innanfor External Relations, som td kommunikasjon, fundraising etc

Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga vil vere:

  • Følge opp dei ulike eventa frå start til slutt: koordinering, bemanning, innkjøp, lyd
  • Ha ansvar for og jobbe tett saman med ei gruppe av studentar i gjennomføring av events og prosjekt, samt Operational Team ledar og Vise Rektor.
  • Følge opp prosjektaktiviteter og ha oversikt og kontroll på økonomi, tidsfristar og rapportering
  • Bygge nettverk og representere UWC i relevante forum både på og utanfor campus
  • Jobbe tett saman med Connect Manager og Kommunikasjons koordinator for å få det beste ut av kvart einskild event
  • Søke muligheiter for forbetring av alle event og prosjekt

Personlege eigenskapar

Det vil vere ynskjeleg og kjekt om du har alle eller fleire av desse eigenskapane:

  • Er høgt motivert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er utviklingsorientert, velorganisert og metodisk, sjølvstendig og likar å ta initiativ.
  • God på å jobbe under press, sjå løysingar og alltid å ha kunden i fokus
  • Har gode kommunikasjonsferdigheter og vertskaps ferdigheitar
  • Har evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • Har høg integritet og likar å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon

Kva kan vi tilby?

Ein fleksibel arbeidskvardag på den utan tvil mest internasjonale arbeidsplassen og bumiljøet i vårt område. Du vil sjølvsagt ha tilgang til ein unik natur i alle himmelretningar, kjekke folk ådrive aktivitetar i lag med, t ilgang for deg og familien din i næraste nabo (Haugland Rehabiliterssenter) sine basseng og treningsfasilitetar og mange sosiale møteplassar i løpet av året.


Vi er 18 skular som jobbar ilag på mange område og du vil få tilgang til eit internasjonalt nettverk på ditt fagområde. Vi jobbar stadig for å bli betre på personleg utvikling og at dei tilsette skal kunne ta del i kurs og utdanningsmoglegheiter.


Om du kan tenke deg ein spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige vilkår i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse, så er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.

For spørsmål til stillinga, kontakt External Relations Leader Leonora Kleiven på tlf. 414 48 297.


Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknad og CV på e-post til appointments@uwcrcn.no.

Søknadsfrist er 08.01.2023.

Ein må legge fram Politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.