Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Hovedbilde

Vi søkjer etter deg med bakgrunn som sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller annan relevant kompetanse

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Er du vår nye fagperson innan helse og sosialfag? Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Fulltid
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Logo

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Hauglandsvegen 308
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Marte Ulltang
99507591

Søknadsfrist

29. august 2025 Søk på stillinga her

Er du vår nye fagperson innan helse og sosialfag?

Om stillinga

Vi søkjer etter ein fagperson i 100% fast stilling med bakgrunn som sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant kompetanse.

Senteret har tilbod om behandling av pasientar med ulike diagnosar, der målet er å bistå pasientane med å oppretthalde eller auke si deltaking i kvardags og/eller arbeidsliv. Som fagperson vil du få ei viktig rolle i dette arbeidet.

Du vil arbeide tett saman med dei tverrfaglege teama og følgje opp enkelt pasientar individuelt. Arbeidsoppgåvene vil bestå av samtalar, rettleiing og undervisning, med spesielt fokus på pasienten sin plan vidare. Vi nyttar ei biopsykososial tilnærming i oppfølging av pasientane

Arbeidsoppgåver

·Deltaking i tverrfagleg samhandling kring pasientar

·Kartlegging og vurdering av psykososiale faktorar som har betydning for pasienten sin rehabiliteringsprosess og målsetjing

·Informere og rettleie pasient om aktuelle trygderettar

·Rådgjeving i høve arbeid, utdanning, økonomi og bustad

·Informere om stønadar, offentlege og private hjelpeinstans og bistå i eventuelt arbeid med søknader.

  • Engasjere, motivere og støtte pasient til aktiv deltaking i eigen endringsprosess
  • Gjennomføre gruppeundervisning i relevante tema

Kvalifikasjonar

· 3- årig helse sosialfagleg utdanning på høgskule- universitetsnivå (180 studiepoeng)

  • Det er eit ønske at søkar har god oversikt over velferdsordningar, arbeidsmarknaden samt moglegheitene i frivillig sektor. Arbeidserfaring frå desse områda vil vere ein fordel.
  • God kjennskap til relevant lovverk
  • Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert oppmoda om å søkje, dersom du kan dokumentere kompetanse som er relevant for innhaldet i stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Vere ressursorientert og ha tru på at alle kan delta i kvardags -og arbeidslivtil tross for helseplager
  • Vere imøtekomande og løysingsorientert i møtet med pasientar, kollegaer og samarbeidspartar
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team,
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Det er krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

Vi tilbyr

  • Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar.
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar



Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Kulturbilde