Er du utdanna innan kunsthistorie og er oppteken av å formidle?    Då kan dette vere stillinga for deg! Bilde

Museumspedagog

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Er du utdanna innan kunsthistorie og er oppteken av å formidle?   Då kan dette vere stillinga for deg! Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tor Martin Leknes
46 69 38 97

Søknadsfrist

8. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Museumspedagogen er tilsett som pedagogisk ansvarleg for avdeling kunst, og har hovudansvar for:

  • utvikle, planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske formidlingsopplegg for skule og barnehage
  • ansvar for å utvikle, planlegge, gjennomføre og evaluere formidlingstilbod til andre målgrupper
  • Museumspedagogen skal samarbeide med andre på avdeling kunst for å sikre eit fagleg godt og variert formidlingstilbod på avdelinga, og på MiSF sine digitale flater
  • drive innhaldsproduksjon for ulike plattformer
  • Museumspedagogen er del avdeling kunst, og skal bidra til å løyse oppgåver i avdelinga i samsvar med museet sin strategi og handlingsplan

Arbeidsoppgåver

Museumspedagog har eit særskilt operativt ansvar for utvikling, planlegging, gjennomføring og evaluering av formidlingstilbod på arenaen og digitalt:

  • pedagogiske formidlingsopplegg for skule og barnehage
  • formidlingsopplegg og omvisingar for ulike målgrupper som besøker arenaen
  • formidling av faste og mellombelse utstillingar på arenaen
  • formidling på digitale flater
  • innhaldsprodukson, også på ulike digitale flater

Det operative ansvaret omfattar:

  • utvikle nye formidlingsopplegg for ulike målgrupper
  • planlegge og gjennomføre eksisterande og nye formidlingsopplegg
  • dokumentere eigne formidlingsopplegg kontakt med skular, barnehagar og DKS
  • produsere og publisere innhald på digitale flater
  • produsere tekst i samband med utstillingar og arrangement
  • yte støtte til museumsleiar
  • bidra på dei andre formilingsarenaene på avdeling kunst

Kvalifikasjonskrav

  • høgare utdanning (minimum bachelorgrad) innan kunsthistorie, eller andre museumsrelevante fag
  • anna utdanning kan vurderast, til dømes kunstpedagogikk

Om deg

  • evne å handle på eige initiativ, får ting til å skje og tar ansvar for resultat
  • gode relasjons- og nettverkseigenskapar
  • har ei systematisk og metodisk tilnærming
  • er i stand til å planlegge med struktur og prioriteringar
  • evne å vise fram kunnskap innan fagfeltet og deltar i kontinuerleg fagleg utvikling
  • evne å produsere nye og innovative idear og løysingar
  • utradisjonell og tilhengar av å tenke nytt
  • evne å kommunisere godt med autoritet, overbevisning, presenterer på ein effektiv måte
  • gode samarbeidsevner; deler av kunnskap, erfaring og informasjon
  • det er ynskjeleg med erfaring med formidlingsarbeid

Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling. Breidde i arbeidsoppgåver. Stor grad av påverknad. Jevn arbeidsbelastning gjennom året, men det kan vere hektiske periodar der det må påreknast arbeid på kveld og helg (arrangement, utstillingar etc.)

  • mogelgheit til fagleg utvikling i eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • løn etter avtale i henhold til Landsovereinskomsten for Museum (Virke)
  • medlemskap i KLP med gode pensjonsvilkår
  • eit godt arbeidsmiljø som er prega av mangfald

Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde