Eigedomsavdelinga har ansvar for drift, vedlikehold og reinhald av kommunale bygningar. Eininga har ca 25 årsverk, av desse er seks årsverk knytt til driftsoperatør-/vaktmeisterteneste.
Vi har ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør/vaktmeister, med snarleg tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Du vil verte tilsett i eigedomsavdelinga med heile kommunen som arbeidsplass.
Kvalifikasjonar
- Driftsoperatør/vaktmeister med relevant bakgrunn,
- Gjerne relevant fagbrev, men lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Har du erfaring innan VVS eller elektro vil vi gjerne at du søkjer.
- Du må ha grunnleggande ferdigheter og interesse for bruk av dataverktøy.
- Den som vert tilsett må ha førarkort klasse B/BE
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. I tillegg vil vi legge stor vekt på at du er positiv, servicevennleg, samarbeider godt med andre og stolt over jobben din. Du må også vere motivert for ein utfordrande og spennande jobb.
- Du må kunne kommunisere godt og forstå norsk.
- Den som vert tilsett må vere villig til fagleg utvikling som til dømes å ta fagbrev innan byggdriftarfaget.
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver, kjekke kollegaer og eit hyggeleg arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Få dekka utgifet til fagbrev
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.