
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Sommarjobb for IT-studentar | Digitaliseringsdirektoratet | Sogndal | Sommerjobb |
Ønskjer du sommarjobb i eit direktorat som jobbar med teknologi for å løyse viktige samfunnsoppgåver? Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Sogndal i Vestland fylke. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete programmeringsoppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten ogMinID.
Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2026.
Sogn er som skapt for å utforskast! På fritida kan du utforske det vakre landskapet i Sogn, med fjell og fjordar like i nærleiken. Jotunheimen ligg berre ein god time unna. I tillegg sørger vi for bustad i Sogndal sentrum, der Digdir tek delar av kostnaden.
Som del av campen får du også vera med på Sognacamp - eit unikt konsept lansert i 2025, der lokalt næringsliv i Sogn har gått saman for å tilby ei spektakulær ramme på fritida for sommarjobbstudentar, med sosiale aktivitetar, utflukter og kjekke hendingar.
Sognacamp organiserer aktivitetar, der vekedagane byr på enkle og lågterskeltilbod, medan helgane er sett av til større opplevingar. Du får sjansen til å bli kjend med andre unge sommarvikarar, bygge nettverk og oppleve alt det Sogn har å by på.
Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i Digdir. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.
Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.
Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling. Arbeidsspråket er norsk.
Søknaden
Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga.
Vi treng også informasjon om du ønskjer felles innkvartering, og om du kan følgje oppsett arbeidsperiode hos oss.
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Les meir om DigdirCampen på våre eigne nettside
Er dette høyrest interessant og du ønskjer meir informasjon, kontakt gjerne:
Systemutviklar Kristoffer Svedal
E-post: kristoffer.svedal@digdir.no
Telefon: 95 33 55 66
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46279
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.