Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Sommarjobb for IT-studentar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
DigdirCamp 2023 Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Sommerjobb
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørn Stenehjem
911 46 279

Søknadsfrist

1. november 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

DigdirCamp 2023

Ønsker du sommarjobb i eit direktorat som jobbar med teknologi for å løyse viktige samfunnsoppgåver? Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete iktoppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten og MinID.
I tillegg til spennande faglege utfordringar legg vi vekt på at studentcampen skal gi deg sosial og spennande oppleving i hjartet av Sogn. Vi legg derfor opp til at du skal ha det kjekt også utanfor arbeidstida og sørgar for felles innkvartering og tilrettelegging for fritidsaktivitetar. Digdir tek delar av kostnaden med overnatting.
Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2023.

Arbeidsoppgåver

Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i Digdir. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.
Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling.
Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga. Arbeidsspråket er norsk.

  • løn som konsulent (1065) i lønstrinn 43 som svarer til ei årsløn på kr 423 500
  • eit spennande arbeidsfellesskap saman med våre erfarne medarbeidarar og med andre IT-studentar
  • gode muligheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen
  • ei supergod kantine
  • å få jobbe på ein spennande arbeidsplass med stor grad av friheit slik som denne karen (https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q)

Vi tilbyr

Her finn du informasjon om kva Campen i 2020 handla om: https://vimeo.com/455448685

Send inn din søknad via rekrutteringsverktøyet Jobbnorge. Legg ved karakterutskrift som dokumentasjon av utdanning, karakterutskrift kan lastast ned frå Vitnemålsportalen.

Vi treng også informasjon om du ynskjer felles innkvartering, og om du kan følge oppsett arbeidsperiode hos oss.

Søknadsfrist for stillingane er 1. november.

Om deg