Dagleg leiar Bilde

Vil du bli dagleg leiar for eit av dei mest spennande kunst - og kulturproduksjonsmiljøa i Norge?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Dagleg leiar Preform Fjaler Deltid

Stillinga er lyst ut som 50% fast stilling men kan kombinerast med opp til 50% prosjektstilling.

Er du ein person som trivast med å ha kreative prosessar rundt deg og gler deg over at å sjå at kunstnarlege produksjonar veks fram og utviklar seg?

Då er du kanskje ein den vi ser etter!

PreForm har i mange år vert ein sentral utviklingsaktør på kunst og kulturfeltet i Fjaler. I 2023 flytta vi inn i Samvirket som er eit kulturhus som kombinerer lokale kulturhusfunksjonar med profesjonell kunstproduksjon.

Dette markerte eit viktig steg i utviklinga vår. Men vi vil vidare! I åra som kjem skal vi vidareutvikle Fjaler som ein nasjonalt relevant aktør på kunst - og kulturfeltet i tett samarbeid med dei andre organisasjonane i kommunen.

Vi fem som jobbar her har lang erfaring i å legge tilrette for kunstproduksjon. Vi er alle pådrivarar for å utvikle samarbeid på tvers av kunstdisiplinar og organisasjonane rundt oss.

Les meir om arbeidet vårt her:

https://www.samvirket-fjaler.no/artiklar.

Som dagleg leiar må du i tillegg til å halde orden på økonomi og drift av PreForm, ha oversikt på kreative innspel, samarbeid og utviklingsoppgåver. Med så mange kreative og inspirerande folk i nærleiken er dette ein jobb å bli glad av.

Du skal jobbe saman med teknikarar, produsentar og kunstnarar, og må trivast med å skape struktur. Det krev at du er både systematisk, initiativrik og god på relasjonsbygging – og ikkje minst at du står støtt, også når vinden bles litt.

Mykje av det vi jobbar med har offentleg finansiering og du er den av oss som har ansvar for kommunikasjon med politikarar og offentlege myndigheiter. Resultata vi skaper skal ofte rapporterast til myndigheiter og andre – så det er viktig at du har eit overblikk over verkemiddel og offentlege styringsverktøy.

«Fjaler» kling godt i kulturnorge og miljøet her er i ferd med å bygge seg opp til å bli eit av dei mest spennande kunstproduksjonsmiljøa i Norge!

Synest du dette ser ut som ein bra arbeidsplass høyrer vi frå deg. Ring, meld eller kom innom.

Om arbeidsgiveren

PreForm er eit ideelt AS som vart etablert i 2014. Vår hovudoppgåve er å legge til rette for profesjonell kunstproduksjon. Hausten 2023 flytta vi inn i kulturhuset Samvirket som er vårt viktigaste verktøy. Her har vi ein godt utstyrt scene og lydstudio. Vi tilbyr arbeidsopphald for kunstnarar for kortare eller lenger periodar. Våre satsingsområde er innan scenekunst, musikk og digitale produksjonar. Vi har eit nært samarbeid med dei andre kunst - og kulturorganisasjonane i Fjaler som Jakob Sande Senteret, Teaterfestivalen i Fjaler og Nordisk Kunstnarsenter Dale.