Brødrene Aa Hovedbilde

Brødrene Aa søkjer operatør til CNC maskin og panelproduksjon

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
CNC maskin og panelproduksjon Brødrene Aa Gloppen Fulltid

Vil du bidra til produksjon av driftseffektive fartøy med høg kvalitet og lang levetid? Vi skal tilsetje fleire medarbeidarar til produksjonsavdelinga vår i Hyen. Har du erfaring som CNC-operatør eller handverkar, er vi interesserte i å høyre frå deg. For rett person kan det vere aktuelt å tilby ei formannsrolle innan panelproduksjon.

Våre medarbeidarar er svært verdifulle for verksemda, og dei har ei sentral rolle i vidareutviklinga av produktet og verksemda. For oss er det viktig at våre tilsette har god kunnskap om produktet vi leverer, og gjennom tett dialog med kollegaer på tvers av fagområde får god innsikt i faktorar som påverkar resultatet.

Arbeidsoppgåver:

  • Betene/programmere CNC-maskiner innan plast-/komposittindustri
  • Lese teikningar, kontrollere
  • Enkelt vedlikehald, byte verktøy og omstille maskiner med tilhøyrande utstyr

Utvida ansvar som formann:

  • Planlegging, fordeling og oppfølging av arbeidsoppgåver til teamet
  • Kvalitetskontroll og oppfølging av utført arbeid
  • Sikre at HMS-reglar og rutinar vert følgde

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Vi ser etter deg som har erfaring som handverkar, er nøyaktig, har praktisk sans, godt handlag og er strukturert. Du har helst teknisk utdanning, til dømes fagbrev/sveinebrev som CNC-operatør – relevant arbeidserfaring med automatisert bearbeiding (CNC-operatør) kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • For oss er det eit pluss om du har god forståing for bruk av maskiner og utstyr, er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og leverer arbeid av høg kvalitet. Du bør meistre norsk og/eller engelsk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Moglegheit for å utvikle fagkompetanse og ta fagbrev på jobb

  • Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Gode forsikringsordningar
  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver

Bistand til å skaffe bustad

Brødrene Aa Kulturbilde