Brødrene Aa skal tilsette fleire ingeniørar. Er du den vi ser etter? Bilde

Brødrene Aa skal tilsette fleire ingeniørar. Er du den vi ser etter?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Brødrene Aa Gloppen Fulltid

Om stillinga

Ønskjer du å jobbe med framtidas hurtigbåtar, har du komt til rett plass.

Vi ser fram til å møte våre nye ingeniør kollegaer i strukturavdelinga eller maskin og røravdelinga. Hovudformålet med avdelingane er å konstruere og teikne underlag til produksjon – som jobbar vegg i vegg med der vi sit, utarbeide nødvendig dokumentasjon og sikre at vi leverar kvalitet til kunden.

I rolla som ingeniør i Brødrene Aa er du ein del av eit team som designar og konstruerer driftsoptimale fartøy. Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring som skipsingeniør eller rør/mekanisk ingeniør. For oss er det eit pluss om du er ein kandidat med god forståing for bruk av teknologi, du har noko innsikt i klasse og myndigheitskrav innan faget du representerar, er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og har kvalitet i din leveranse.

Du vil samarbeide med våre tilsette, som er dedikerte fagmenneske og har spisskompetanse innan sine områder. Saman vil de i stor grad bidra i små og store kvardagsinnovasjonar av produktet.


Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.

Vi hører også gjerne fra deg, dersom du ikke er på jobbsøk, men ønsker en uforpliktende prat om Brødrene Aa og muligheter hos oss.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk teikning for produksjon og ettermarknad
  • Berekningar
  • Utarbeide av dokumentasjon til klasse/myndigheit
  • Produktutvikling
  • Medverke til at Brødrene Aa oppretthalde sin posisjon som leiande produsent av høgteknologisk fartøy

Kvalifikasjonskrav

Ingeniørhøgskole / Teknisk fagskole

Erfaring frå verft eller skipskonsulentfirma

Erfaring med AutoCad og Rhino o.l.

Gode norsk og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Kjennskap om reglene til anerkjente klasseselskap (DNV, BV og HSC-2000)

Om deg

Ansvar og forventningar til stillinga blir tilpassa din bakgrunn og erfaring, og du vil få tittel prosjektingeniør, senior ingeniør eller overingeniør. Vi ønsker både nyutdanna og erfarne ingeniører i teamet vårt.


Vi tilbyr

Spannande arbeidsoppgåver

Kompetanseutvikling

Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer

Brødrene Aa Kulturbilde