
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Aurland kommune | Aurland | Fulltid |

Me har ledig
100% fast stilling som barnehagelærar i Flåm barnehage, frå 01.08.2023.
Barnehagen ligg fint til inst i Aurlandsfjorden på Lunden i Flåm. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. I Flåm barnehage er to avdelingar med ni tilsette og 27 barn, og er organisert i kommunalområdet oppvekst. Aurland kommune er i eit heilskapleg omstillingsprosjekt, der organisasjonsutvikling er sentralt.
Ansvar som ligg til stillinga
Barnehagelærar har eit delansvar for barnehagefaget, og kan få delegert ansvar for faglege oppgåver. Til stillinga ligg også eit medansvar, og skal medverke til å sikre kvalitet og tryggleik for barn og vaksne saman med andre. Barnehagelærarane arbeider i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og sentrale overordna dokument.
Pedagogisk leiar er nærast overordna.
Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen etter kl. 20.00
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner
Sjå også gjerne rekrutteringsfilmen og informasjonsbrosjyra til Aurland kommune ved å lime inn desse web-lenkene i søkefeltet:
https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/WebView/
https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
-Godkjent førskulelærar / barnehagelærarutdanning
-Anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikk
-Anna pedagogisk utdanning kan også vurderast
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du;
- kan arbeide sjølvstendig
- er løysingsorientert
- kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel og endringsvillig
Rekrutteringstiltak
Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av barnehagelærarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på kr. 50 000,- per år i 2 år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei 2 første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om bachelorgrad som barnehagelærar.
Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest av nyare dato.
Vi ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune!
