Om stillinga
Vi søkjer blide, serviceinnstilte og strukturerte baneførarar i sommar. Du vil ha ansvar for vertskap for gjestene, og frakte våre gjester opp og ned frå fjellet.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av driftsteamet
- Halde orden på perrong og området elles
- Service ovanfor gjester og tilsette
Kvalifikasjonskrav
- Du må ha fylt 18 år
- Du må ha sertifikat klasse B
- Du må ha ein viss teknisk forståelse
- Du må vere fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
- Du må beherske norsk og engelsk
Om deg
- Du er omgjengeleg, serviceinnstilt og likar å jobbe med menneske
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
- Du likar å halde orden
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Høve til å vere med på å utvikle ein spanande destinasjon
- Konkurransedyktige lønnsvilkår
Arbeidsperiode: 1.juni - 31.august. Moglegheit for forlenging dersom ønskjeleg.Søknad med CV, relevante vitnemål og attestar kan sendast til knut@loenskylift.no. For meir informasjon, kontakt Knut Roar Skåden, tlf. 489 59 086.