Avdelingsleiar, Miljøarbeidertenesta i Gloppen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve Marie Hestenes
578 83 800

Søknadsfrist

17. februar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Har du eit ynskje om å arbeide som leiar? Vi i Miljøarbeidertenesta i Gloppen har behov for å styrke teamet vårt med ein ny leiar for avdeling Åsateigen og Åsavegen. Du vil gå inn i eit tverrfagleg leiarteam i tensta og vere ein del av felles leiargruppe i Helse og velferd. Hos oss vil du få høve til å styrke din kompetanse som leiar gjennom relevante kurs og utdanning. Vi kan også tilby kollegarettleiing som ein del av vårt fokus på kompetanseheving og trivsel.

Stillinga er delt i 80 prosent administrasjon, og 20 prosent utøvandeteneste.

Vi yter i dag tenester til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 60 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Du vil få fagleg ansvar for åtte brukarar og være næraste leiar for 30 årsverk. På avdelingane arbeider det sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar i tverrfagleg team med fokus på å tilby den enkelte brukar tenester av høg fagleg kvalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for tenestene i ansvarsområde
  • Fagleg ansvarleg
  • Samarbeid med eksterne og interne instansar.
  • Dagleg ansvarleg for kap 9A
  • Personalleiing, 30 årsverk
  • Budsjettansvar

Kvalifikasjonskrav

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring
  • God norskkunnskap, IKT-kompetanse
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling
  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa
  • Erfaring frå arbeid med fagutvikling

Om deg

  • Du har evne til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå mål
  • Du kan skape engasjement og motivasjon hjå dei tilsette
  • Du er ansvarsbevisst og god på å skape relasjonar
  • Du er løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
  • Du er ein pådrivar for å skape gode tenester til brukarane

Vi tilbyr

  • Kompetanseheving
  • Kollegarettleiing
  • Engasjerte og kjekke kollegaer
  • Lønn etter avtale

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.


Webc_ID: 4596429202