Avdelingsleiar for transport og renovasjon Bilde

Er du vår nye transport og renovasjonsleiar?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Avdelingsleiar for transport og renovasjon Sunnfjord Miljøverk Sunnfjord Fulltid
Sunnfjord Miljøverk Logo

Sunnfjord Miljøverk

Einestølen
6815 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tore Dvergsdal
95 19 85 01

Søknadsfrist

17. mai 2026 Søk på stillinga her

Vi søker deg som vil vere ein nøkkelperson i Sunnfjord Miljøverk med det overordna ansvaret for transport og renovasjon. Som avdelingsleiar blir du ein del av leiargruppa og får vere med å utvikle tenestene våre vidare.

Kven er du?

Du er ein trygg og tydeleg leiar som trivst med ansvar. Du har erfaring frå transportbransje og arbeider strukturert og sjølvstendig. Du har evne til å finne gode og gjennomtenkte løysingar. Du motiverer andre og skapar framdrift i arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for transport og logistikk
  • Følgje opp avfallsløysingar i samband med reguleringsplanar og utbyggingsprosjekt
  • Samarbeide tett med interne avdelingar og eksterne partar/leverandørar
  • Personalansvar for eiga avdeling
  • Sikre god oppfølging av HMS-rutinar i avdelinga
  • Oppfølging av kvalitets- og prosessavvik innan eige ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå transportleiing er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med kompetanse som oppfyller krava til transportleiar, eller vilje til å ta slik kompetanse
  • Gode leiareigenskapar med evne til å engasjere og rettleie medarbeidarar
  • Relevant utdanning og/eller erfaring innan logistikk og transport
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Jobb i ein bransje i utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og KLP-pensjon
  • Løn etter avtale
Sunnfjord Miljøverk Kulturbilde