
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Assisterande rektor | Hyllestad kommune | Fulltid |

Vi søkjer etter ein assisterande rektor til Hyllestad skule frå 1.8.2024.
Er du pedagog og har erfaring eller utdanning innanfor skulelleiing søkjer vi no etter assisterande rektor på Hyllestad skule. Dette er ei kombinert stilling med 50 % undervisning og 50 % leiingsressurs. Som assisterande rektor er det viktig at du er ein tydeleg og trygg leiar som involverer og engasjerer både elevar, føresette og tilsette.
I tillegg vert du medlem i SPK, eit av landets beste pensjonsordningar.
Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små - og rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut hyllestadinfo.no
Hyllestad skule og sfo er ein 1.-10.skule, den einaste skulen i Hyllestad kommune. Skulen ligg fint til i Hyllestad sentrum, idrettshallen er i nabobygget og idrettsbana rett attmed, og kort veg til skog, turområder og sjøen.
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov. Leiing av vaksenopplæringa kan vere aktuelt.
har godkjent pedagogisk utdanning for å kunne undervise i grunnskulen, og gjerne nokre år erfaring frå skuleverket eller frå tilsvarande stilling. Som assisterande rektor vil du vere nestleiar ved skulen og rektor sin stedfortredar. Aktuelle undervisningsfag er tysk, norsk og norsk som andrespråk.
Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, det krevst struktur, orden og kvalitet for å løyse oppgåvene best mogleg.
I tråd med lov- og regelvert må vi ha politiattest av nyare dato og eigenerklæring knytt til tuberkulose/MRSA på plass før tiltreding.
Fleire opplysningar om stillinga kan du få frå rektor Kristin Eimind, tlf. 577 89 553.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg. Vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen, kjekke elevar og gode kollegaer, felles lunsj på pauserommet og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
