Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stryn kommune | Stryn | Fulltid |
Stryn kommune søkjer ein person som er nøyaktig, allsidig og har eit sterkt fagleg engasjement. Vi kan tilby ein spennande jobb med varierte og utfordrande oppgåver.
Vi har no ledig 100 % stilling som arkivleiar
Vil du vere ein pådrivar for digitalisering og effektivisering av arbeidsprossessar og dokumentflyt?
Som arkivleiar har du eit yrke for framtida. Det digitale samfunnet har enorme mengder data og informasjon som skal forvaltast og arkiverast både for bruk i dag og for framtida. Du blir tilsett på avdeling for service, kommunikasjon og IKT, og til dagleg arbeider du i eit team med to andre.
Arkivleiar har det overordna faglege ansvaret for kommunen sitt arkiv i alle fagsystem.