Stryn kommune ser etter ein god kollega og fagperson til vår planavdeling. Vi søkjer etter arealplanleggar i 100% fast stilling.
Planavdelinga med 6 tilsette ligg i etat for samfunnsutvikling. Kontorstad er kommunesenteret i Stryn.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide /revidere planstrategi, kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel
- Oppdatering av kommunale plandatabasar
- Utarbeide saker for politisk handsaming, skriftleg og munnleg orienteringar
- Rettleiing og oppfølging av utbyggjarar og innbyggjarar
- Stillinga kan også bli tillagt andre relevante oppgåver knytt til planavdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- Kjennskap til plan- og bygningslova, samt anna relevant lovverk
- Erfaring med framstilling av digitale planar vil vere ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt målføre er nynorsk.
- Førarkort klasse B er ynskjeleg
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere
- Motivert for gode prosessar og framdrift
- Lagspelar som også kan arbeide sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
- Trygg arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- God pensjons- og forsikringsordning